Misjonsdagen

På torsdag 30.09.21 er det misjonsdag. Det er ein dag der vi samlar inn  pengar til ein organisasjon på Filippinene som heiter 4P (For People). 

Korleis samlar vi pengar til misjonsdagen? Vi samlar pengar til misjonsdagen med å  ha ulike aktivitetar på sjølve dagen. Vi inviterer foreldre og syskjen til å komme. Aktivitetane for i år er for eksempel loddsal, misjonsløp, BlimE-dansen, lotteri, kafe, lykkehjul, potetløp, luftgeværskyting og stylteløp. 

Pengane går til 4P-prosjektet som blir kalt Rejoice Village. 

Dei jobbar med barn og familiar frå ein fattig slum i Manila. Målet er å styrke dei gjennom å legge til rette for at borna kan få betre oppvekstvilkår. Det er planlagt grønnsaksdyrking og ulike tiltak som rettar seg mot å skape arbeidsplassar. Målet er å legge til rette for at mennesker skal kunne starte eit nytt og betre liv.

Prosjektet jobber for å hindre fattigdom i landet, hjelpe dei med å bygge ein barneheim der i landsbygda og andre ting. 

Skrive av Karen Marie Hellesøy, 10a